Inn på tunet

Inn på tunet

«Inn på tunet er tilrettelagte og kvalitetssikrede velferdstjenester på gårdsbruk.
Tjenestene skal gi mestring, utvikling og trivsel.
Gårdsbruk er en eiendom som benyttes til jord-, skog-, eller hagebruk.
Aktivitetene i tjenestetilbudet er knyttet opp til gården, livet og arbeidet der. «

Frå Inn på tunet (innpatunet.no)

Gardsarbeid som gjev meistring

Som Inn på tunet gard kan me på Hesjedal gard tilby nærkontakt med gardsdrift og alt det innebær. Me har tilbod til skuleelevar på dagtid, og aktivitetstilbod for born og unge på ettermiddag og nokre helger. Me kan tilpasse opplegg etter behov, og kan tilby tenester til ulike brukargrupper i ulik alder. Elisabeth har erfaring frå arbeid med personar med utviklingshemming, psykiatri og rusfeltet. 

Elisabeth har bachelor i vernepleie frå Høgskulen i Bergen, og vidareutdanning innan dyreassisterte intervensjoner med hund frå Norges miljø-og biovitenskapelige universitet. Denne videreutdanninga går på bruk av hund i terapi og pedagogikk. Dyreassisterte intervensjoner (DAI) er områder der dyr vert nytta i samhandling med mennesker, for å betre menneska si fysiske og/eller psykiske helse.

Me kan tilby fleire ulike aktiviteter, som ridning og handtering av hest, tur, stell og trening med hunder, blant anna agility, spor og søksarbeid, vera med på å ruge fram kyllingar i maskin, lamming om våren og mykje meir.

 

Kva er Inn på tunet?

Inn på tunet er tilrettelagde og kvalitetssikra velferdstenester på gardsbruk. Aktivitetane på garden er knytt opp til gardsarbeidet og livet på gard, og tenestene skal gje meistring, utvikling og trivsel.
Det er gjort mykje forskning på denne type tiltak som visar at  aktivitetane gjev positive effektar for brukarane. Bruk av dyr i terapi, stell og samvær av dyr, og å bidra til gardsarbeid gjev meistring og gjer kvardagen betre. 

 

 

Tenesteområder:

  • Oppvekst og opplæring: allmennpedagogikk, spesialpedagogikk, fritid m.m

  • Arbeid: arbeidstrening og rehabilitering

  • Helse og omsorg: rus, funksjonshemming, psykisk helse, demens m.m.

I tillegg kan me tilby tenester innan integrering av innvandrarar og flyktninger, kriminalomsorg og forebygging.

Følg oss på Facebook!